![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Kontrollutvalets leiar Jan Lepperød i diskusjon med to av utvalets medlemmer, Per Espen Fjeld og Bergit A. Myrjord. Debatt om rykter og kontrollutval Øystein Akselberg Kontrollutvalet kom i fokus i kommunestyret måndag. Leiaren i utvalet blei beskulda for å har særinteresser i sal av eigedom i sentrum. Saka som handla om fastsetting av prisar for sal av kommunale areal blei ein debatt om kommunens sitt kontrollutval, dvs kva ansvar og motiv utvalet har i saka. Kontrollutvalet etterlyser svar på brev om rutinar og prisar ved frikjøp av kommunalt areal. Utspelet frå kontrollutvalet blei lagt ved som ein del av saka til kommunestyret måndag. Fleire representantar reagerte skarpt på at kontrollutvalet «blanda seg» inn i kommunestyret si sak. – Er det utvalet sitt ansvar å stille spørsmål som dette, sa Tor Johan Hynne (Ap). – Eg reagerer på framgangsmåten til kontrollutvalet. Rykter seier at leiaren sjølv skal selje areal i sentrum. Stemmer det, spurte Ole Morten Aasgrav (FrP). – Skal me diskutere rykter i kommunestyret, spurte Olav Kasland (V), og meinte det var «heilt på trynet». – Kva skal me elles med eit kontrollutval om ikkje dei skal sjå på ei slik sak, meinte Anne Carine Nilsen (H). – Dette er personleg mistenkeleggjering, meinte Dag Sele (KrF) og meinte ordføraren burde bruke klubba si ved slike innlegg. – Eg brukar retten min til å stille dei spørsmål frå talarstolen når eg finn det nødvendig, svara Aasgrav (FrP). – Me må ta debatten innanfor sømelege grenser, sa Arne Storhaug. Kontrollutvalsleiaren svarar. Eksklusivt til nettutgåva av Bø blad har me fått ein kommentar frå kontrollutvalet sin leiar, Jan Lepperød. – Eg blir beskulda for å ha særinteresser i saka i samband med sal av eit svært lite areal i sentrum. Dette ser eg på som rykter og beskuldningar satt fram i kommunestyret, seier Lepperød. Lepperød spør kva kommunestyret meiner er kontrollutvalets oppgåver om ikkje ein skal sjå på kommunen sin politikk ved sal og kjøp av eigedom. – Me skal ha tilsyn med den kommunale forvaltninga og det er vår plikt å påse likebehandling og forsvarleg behandling av kommunale verdier, seier han. – Det einaste riktige er å følgje marknadsprisane om ein skal forsvare verdiane til kommunen, poengterer han. Lepperød reagerer på at ikkje ordstyraren i kommunestyret klubbar ned rykter og beskuldningar som blir satt fram på kommunestyremøta. Til saka om han sjølv har interesser i sal av eigedom i sentrum seier han: – Det gjeld eit svært lite areal mellom Mixkiosken og Sandakergården, og har sagt frå om at eg ikkje er interessert i å selgje, seier Lepperød. Publisert: 2010-06-24 02:00 Tilbake
|
Torsdag 9.  september 18:20 Varg Veum Bø kino Omtale 20:20 Inception Bø kino Omtale Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale LENGRE FRAM September: 16. Varg Veum |
|