![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Då ordføraren klypte snora strøymnde folk inn i det nye Ekspertsenteret. Folksamt på senteropning Øystein Akselberg Ekspertsenteret på Posthustorget blei opna i dag klokka elleve. Det blei taler og premiere på ny ekspertsentersong med Jon Solberg. Folk strøymde inn i det nye senteret på jakt ettter gode tilbod. Det er Torekåsa Eigedom og Bø Installasjon som står bak etableringa av Ekspertsenteret i Bø. Heile 70 personar har arbeidplassen sin i det nye senteret. Her finn ein Expertbutikk, Christiania Belysning, Bø Installasjon, Murmester Einar Espedalen, Telefrost AS, 3D Arkitekter, Øyfjell kjøkken og Posten. Sistnevnte har flytta over torget i nye lokaler. - Dette er eit annleis senter. Me satsar på produkt og tenester til hus og heim, seier dagleg leiar Oddgeir Torekåsa, som viste til at senteret husar veletablerte bedrifter innan ulike faggrupper. Ordførar Arne Storhaug hadde æra av å klyppe snora. Han la vekt på at Bø installasjon har 36 år på baken innan faget. - Dette er ei verksemd som i generasjonar har satsa og teke risiko. Dei er ein stor arbeidsgjevar og skapar aktivitet i bygda, sa han. Jon Solberg bidrog med ein heilt ny song på oppdrag får Ekspertsenteret og beskreiv på ein artig måte alle bedriftene på senteret. - Vips så har du fått opp huskabalen, song han som hyllest til det nye senteret. Torgeir Straand bidrog med spel og vise ord under opninga. Han rosa senteret for å satse stort i nedgangstider. Så var det berre å kaste seg over graits kake, brus, kaffi og pølser i brød og pølser i lumpe. Og alt det andre senteret har å by på. Publisert: 2010-06-17 13:00 ![]() Klart for opning presis klokka elleve. ![]() Nytt tilskot til bøbygdas skyline? Ein artig detalj over inngangspartiet på Ekspertsenteret. ![]() Slapp tiil i tur og orden: Jon Solberg, Torgeir Straand og ordførar Arne Storhaug. ![]() Dagleg leiar Oddgeir Torekåsa poserer på panseret til rallybilen til Henning Solberg. Jon Solberg og Torgeir Straand tek ein luftslått. ![]() Posten opna med eit smil i nye lokaler. ![]() Kakebordet blei godt besøkt. ![]() TV til ei krone betyr kø. ![]() Det var ein livleg handel på Ekspertbutikken. Tilbake
|
Torsdag 9.  september 18:20 Varg Veum Bø kino Omtale 20:20 Inception Bø kino Omtale Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale LENGRE FRAM September: 16. Varg Veum |
|