![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Ueinige om talet på dunkar. Lommerud Transport meiner dei tømer fleire dunkar enn ein får betalt for. Meir rusk i avfallssaka Øystein Akselberg Lommerud Transport krev over 300.000 kroner av Bø kommune for manglande betaling for renovasjonsoppdrag. Lommerud Transport AS har oppdraget med tømming av hushaldningsavfall frå alle husstandar i kommunen. Avtalen går ut inneverande år, og kommunen legg no oppdraget ut på anbod med verknad frå 1. januar 2011. 19. mai i år blei det loggført eit brev frå Lommerud Transport ført i pennen av Jon Evju. «Av forskjellige årsaker fant vi grunn til å kontrollere antallet abonnement renovasjonsdunkar det er å betene her i Bø. Teknisk eining avslo å bli med på teljinga og godtar ikkje tala våre», skriv Evju. Lommerud Transport har også kontrollert indeksutrekninga for den prisen kommunen skal betale per dunk og har kome fram til store avvik. «Misleghaldet gjeld både talet på abonnentar og pris per tømmestasjon per gong», skriv Evju. Lommerud Transport har berekna avviket for dei siste 20 vekene til å utgjere 187.130 kroner i prisavvik og 140.844 kroner i avvik for 472 ekstra kundar. Dermed krev dei 327.974 kroner for denne perioden. Samtidig varslar dei eit vesentleg høgare krav som dei vil leggje fram i eit møte med kommuneleiinga. Rådmann Åse Egeland seier at saka er drøfta i formannskapet og at Bø kommune med det føste kjem med eit svarbrev til Lommerud Transport. Ut over det vil ikkje rådmannen kommentere saka før brevet er klart. Publisert: 2010-06-17 02:00 Tilbake
|
Torsdag 9.  september 18:20 Varg Veum Bø kino Omtale 20:20 Inception Bø kino Omtale Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale LENGRE FRAM September: 16. Varg Veum |
|