![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Karianne Storhaug kjempa til seg ballen. – Den beste cupen me har vore på Glenn Isaksen Skarphedin handball arrangera i helga Sommarland cup i handball i Telemarkshallen. Sjølv om regnet øste ned var dei 128 laga stornøgde med turneringa. Dette var den 24. cupgjennomføringa for Skarphedin som omsett for om lag 1,6 millionar kroner. Konnerud gutar 12 år var ikkje i tvil om at dette var den beste cupen dei hadde vore med på. – Dette var rett og slett ein drit bra cup, sa gutane seint sundag ettermiddag. Gode 12-åringar Skarphedin jenter 12 år imponera i turneringa med ein kvartfinaleplass og knipent tap for turneringsvinnar Kolbotn. I dei fyrste kampane i sluttspelet imponera jentene med mange gode kombinasjonar og langskot. Tonje Strand Paulsen og Hedda Ufs Nymoen viste mange gode kvalitetar. I kvartfinalen kom jentene uheldig ut og klarte aldri å komme inn i kampen, det enda med tap 0-9 for Jar. Laget trenast av Gisle Espedalen, Asle Fremgård og Heidi Paulsen. Jenter 16 år kjempa seg også fram til sluttspel, men måtte sjå seg slått av finaletapande Ulefoss. Ulefoss var eit klart betre lag og vann tilslutt 11-2. Gutar 15 år var eit blandingslag frå Bø og Lunde. I den nest siste kampen i innleiande måtte laget vinne for å ha moglegheit på avansement. Laget møtte eit godt Asker lag og tapa 3-11. I den siste kampen i turneringa vann dei oppskriftsmessig 7-5 over 14-åringane til Skarphedin. Kino og diskotek På laurdagskvelden fekk dei drygd 1400 spelarane tilbod om både kino og diskotek i Gullbring. Dette var eit populært arrangement i det litt labre været. Cupsjefen Lars Jørum var svært godt nøgd med cupgjennomføringa og alle dei frivillige dugnadsmaurene. – Været kan me ikkje gjere noko med. Dei fleste virker glade og fornøgde. Me har nok solgt noko mindre Sommarlandbillettar enn tidligare, men til gjengjeld er det fleir folk i hallen og større omsetnad i kioskane. Publisert: 2010-06-14 12:00 ![]() Gutane frå Konnerud var svært nøgde med Sommarland cup ![]() Gode på jenter 12 år: Vilde Espedalen (t.v.) og Hedda Ufs Nymoen ![]() Det var stor jubel hos 13-åringene etter avansement til sluttspelet ![]() Publikum laget stor stemning i hallen. Her er det to Kolbotn-gutar med flagg. ![]() Skarphedin jenter 12 år kjempa seg fram til kvartfinalen. ![]() Tre skarphedinspelarar. F.v. Martin Mæland, Tonje Strand Paulsen og Trym Langkås ![]() Christian Ajer Verpe på gutar 15 år kjempa hardt i forsvar, men møtte overmakta mot Asker ![]() Det var stor interesse rundt premieutdelingane. ![]() Turneringa hadde lagt opp til ein sunn profil med salg av frukt. Tilbake
|
Torsdag 9.  september 18:20 Varg Veum Bø kino Omtale 20:20 Inception Bø kino Omtale Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale LENGRE FRAM September: 16. Varg Veum |
|