![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Lifjell Skisenter/ Lifjell Utvikling og Per Hanstad orienterte kommunens planutval i april om status for arbeidet med å etablere samanbindingsheis på Jønnbu. Onsdag får planutvalet ein ny rapport i saka. Rapport frå Jønnbu på onsdag Onsdag får planutvalet i Bø kommune presentert ein ny rapport frå planen om å byggje samanbindingstrekk på Jønnbu. Vil utbyggarane klare å halde fristen ? Lifjell-utbyggjarane har satt seg som mål å skaffe sju millionar kroner til nytt skitrekk mellom Vinterland og skisenteret. Bø kommune krev at den nye heisen står klar innan 1. desember. I kommunedelplan for Lifjell og i føresegnene for reguleringsplanane for fleire av hyttefelta rundt Jønnbu er det stilt krav om såkalla rekkjefølgjetiltak. Eit av krava gjeld bygging av eit nytt skitrekk mellom Vinterland og ned mot skisenteret. Kravet er utforma slik at skitrekket skal vere bygd før det blir opna for bygging av hytter. Det blei hausten 2009 halde eit realt oppvaskmøte mellom politisk side og administrasjonen i kommunen om kvifor det likevel har blitt tillate tomtesal og gjeve byggjeløyve, trass i rekkjefølgjekravet om å få ein skiheis først. I november gav så planutvalet utbyggjarane dispenasjon frå kravet med utsetjing til 1. desember 2010. Utbyggjarane kan no frådele og selje tomter og bueiningar mot at det blir sett av pengar til bygging av heis. Utvalet vedtok også at kommunen skal ha «innsynsrett i høve denne avtala». Onsdag får planutvalet ein ny rapport for kvar utbyggjarane står i forhold til saka. Det er einingsleiar Vidar Lofthus som skal leggje ny informasjon fram for planutvalet. Publisert: 2010-06-13 19:00 Tilbake
|
Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale Torsdag 16.  september 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale |
|