ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Ønskjer seg Evjudalen som møteplass for vaksne og barn. F.v. Karina Lien med Vilde (5 mnd), Kristine Haugen med Lena (2) og Sofie (6 mnd), Marit Augustinussen, Nelly Sanchez med Paula (11 mnd) og Ingebjørg Momrak med Silje (6 mnd).

– Nok snakk: lag park no!

Øystein Akselberg
– No er det nok snakk og ingen handling. Det er så lite som skal til for å gjere Evjudalen attraktiv for småbarnsfamiliar, seier nokre mødrer i Bø. Dei saknar ein park og ein møteplass for seg og ungane sine.
Fleire foreldre med småbarn har kontakta lokalavisa med bodskap om at dei saknar ein stad der ungane kan leike og som kan vere ein møtestad for både ungar og foreldre i sentrum. No ønskjer dei at kommunen sluttar å prate om tiltak og kjem igang før nok ein sommar går mot haust.
Enkle tiltak
Kristine Haugen, Karina Lien og Ingebjørg Momrak slår fast at Evjudalen har eit stort potensiale for å bli ein flott møteplass for både barn og foreldre i Bø.
– Det er ikkje så mykje som skal til for at ungane skal trivast her. Med nokre enkle leikeapparat og ikkje minst at området blir rydda og graset slått, er mykje gjort, seier dei tre småbarnsmødrene.
– Ungane vil kose seg berre dei treff andre ungar å vere saman med, seier mødrene, og meiner kommunen bør klare å få på plass nokre fleire benkar og sitjegrupper utan at det trengst utgreiingar og fleire planar for å skjøne det.
– Me trur det er viktig at det finst slike møteplasser for foreldre som ønskjer å vere lenger heime med ungane sine, seier mødrene. Dei peikar på at for heimeverande er det viktig å kome seg ut og møte andre barnefamiliar i same situasjon.
Skal spørje ordføraren
– Kvar er parken, spør både vaksne og barn som kjem til Bø, seier Nelly Sanchez, og viser til at folk saknar ein skikkeleg møteplass i sentrum.
– Det må gjerast meir koseleg her, og bli rydda opp. Kanskje vil ungdom kunne sole seg og gjere lekser her også, seier ho.
Mødrene er einige om at den gamle skaterampa må vekk, og ei generell opprydding av både plen og dam må til.
– Me vurderer å bruke spørjetimen til ordføraren i neste kommunestyremøte, seier Nelly Sanchez og Marit Augustin­iussen, og legg til at dei vil fokusere på at no er det nok snakk og at handling må til.
– «Alle» er eininge om dette så det bør ver mogleg å få folk med på dette, seirer dei to, og ivrar for både underskriftskampanjar og utspel mot politikararane i Bø.
– Kom i gang med dei enkle tiltaka og ta planlegginga paralellt, er bodskapen.

Publisert: 2010-06-10 02:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Torsdag 9.  september
18:20 Varg Veum
Bø kino Omtale
20:20 Inception
Bø kino Omtale


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


LENGRE FRAM
September:
16. Varg Veum
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!