![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Mykje fokus på kommuneøkonomi bak denne døra. Uro trass meir pengar i kommunekassa Øystein Akselberg Det kjem fleire positive teikn for kommuneøkonomien i Bø. Samtidig er det ein viss uro over budsjettsprekk ved fleire einingar. Bø formannskap tok måndag pulsen på kommunen ved å sjekke status for einingane per 1. april når det gjeld pengebruk og sjukefråver. Millionoverskot Bø kommune anslår ein budsjettsprekk på over to millionar kroner samla sett for dei kommunale einingane i 2010. Kommuneøkonomien blir likevel redda av auka inntekter i form av moms-kompensasjon og mindre utgifter enn anteke til rentebetaling og nedbetaling av tidlegare underskot. Dette utgjer opp mot fem millionar kroner. I sum blir dette eit overskot i sum for kommunen på nær tre millionar kroner. – Me meiner likevel det er grunn til ei viss uro då inntektskjeldene ikkje er robuste over tid. Samtidig ser ein at meirforbruket skuldast stadig aukande behov hjå brukarar av dei kommunale tenestene og vekst i talet på tunge brukarar, seier økonomisjef Heidi Roheim. Eininga open omsorg slit med budsjettet og bruk av dyre vikarar er noko av grunnen. – Eg høyrer kassaapparatet går, sa ordførar Arne Storhaug, og anslår at eininga treng ei budsjettstyrking på 400.000 kroner. – Når me skal opne den nye sjukeheimen vil me få eit stort problem, sa Eivind Eckbo (Sp), og meiner at kommuneøkonomien langt frå er sunn. Meir frå staten Økonomisjef Heidi Roheim hadde elles godt nytt til formannskapet om statens nye inntektssystem for kommune-noreg. – Bø kommune vil få 5,5 millionar kroner meir i statlege overføringar enn no, sa Roheim, og viste til at ein hadde budsjettert med ei auke på 1,4 millionar. – Dette blir pengar me kjem til å merke i Bø, lovar ho. Publisert: 2010-06-10 12:00 Tilbake
|
Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale Torsdag 16.  september 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale |
|