ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Streikekontoret ved kommunehuset har vore eit nytt og synleg element i gatebiletet.

Sparar pengar på streiken

Øystein Akselberg
Kvar einaste dag streiken varer for dei 65 tilsette i Bø kommune som er teke ut, sparar kommunen 117.000 kroner i lønnsutgifter.
Frå 28. mai blei 22 tilsette i Bø kommune teke ut i streik. Frå 2. juni blei streiken utvida og omfatta 65 arbeidstakarar i Bø kommune. Dette utgjer 13 prosent av arbeidsstokken i Bø kommune. Dei kommunale barnehagane og SFO på Bø skule for 3. og 4. trinnet blei stengt frå 2. juni. Biblioteket er også stengd. Frå fredag 4. juni måtte Bø kino redusere talet på framsyningar. Ved Bø ungdomsskule, Folkestad skule og på Vaksenopplæringa stoppa all undervisning 7. juni. Frå tysdag denne veka blei også Bø skule stengt for undervisning. Med utvida streik frå 8. juni får det særleg konsekvensar for sentraladministrasjonen.
Sparar pengar
Med 65 tilsette ute i streik sparar Bø kommune 117.000 kroner i lønsutgifter kvar dag så lenge streiken varar.
Dersom det ikkje har skjedd endringar vil kommunen ha spart ein million kroner ved arbeidsdagens slutt i morgon.
– Me reknar i snitt 1.800 kroner per tilsett per dag, seier økonomisjef Heidi Roheim, men er rask til å leggje til at det kan kome ekstrakostnader for kommunen når ein skal ta igjen arbeidet som no ikkje blir gjort.
Krev pengar tilbake
Det blir no frå Forbrukerkontora varsla saker frå foreldre som vil krevje tilbake pengar frå barnehage- og SFO-tilbod som no er stengt, og som folk likevel må betale for. Dermed går kanskje vinninga opp i spinninga?

Publisert: 2010-06-09 08:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Torsdag 9.  september
18:20 Varg Veum
Bø kino Omtale
20:20 Inception
Bø kino Omtale


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


LENGRE FRAM
September:
16. Varg Veum
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!