ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Terje Håkonsen viser fram det nye bygget til Bø Varetransport og Erik Myhra Maskinverksted.

Lokalt transportsentral i Bø

Øystein Akselberg
På Grivimoen har bygda ein betydeleg aktør i den norske godstransportmarknaden. No er bedrifta på plass i nye lokale.
Terje Håkonsen og Hans Erik Myhra står saman bak eit 600 kvadratmeter nybygg på Grivi­moen. Bygget til 1,6 millionar kroner skal huse både godsterminal og maskinverkstad.

Terje Håkonsen blei i 1990 tilsett i Bø Varetransport av Wenche og Gunnar Hagen. I 1999 tok han sjølv over bedrifta, som no har fem tilsette i tillegg til Håkonsen sjølv.
– Me står for transport av varer og stykkgods til heile landet, og noko til utlandet også, seier Håkonsen, men legg til at Stor-Oslo er hovudområdet for verksemda hans.
I tillegg til to bilar i eigen stall, leiger bedrifta inn bilar etter behov.
– Årsomsetninga var åtte millionar kroner i fjor, men eg håpar å bikke ti millionar allereie i år, seier han optimistisk.
Godsterminalen på Grivimoen har han og Hans Erik Myhra satt opp over ein toårsperiode, og dei er enno ikkje heilt ferdige.
– Me er i gang med å bruke den som godsterminal, seier han, og viser til halvparten av nybygget på 300 kvadratmeter, samt eit lagerbygg på 220 kvadratmeter.
Maskinverkstad kjem
Hans Erik Myhra er deleigar i nybygget og har konkrete planar om å etablere seg med maskinverkstaden sin i bygget.
– Han er ein trollmann med alt som har med maskiner å gjere, skryt Terje Håkonsen om sin kompanjong, og legg til at Myhra har planar om å utvikle produkt også til offshoreindustrien.

Publisert: 2010-06-09 12:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Torsdag 16.  september
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!