ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Dag Sele (KrF) viste til krise ved fleire skular i Bø.

Ville ikkje løyve meir pengar til skulen

Øystein Akselberg
Eit forslag frå KrF og Venstre om å gje grunnskulen ein halv million kroner meir å rutte med blei stemt ned i Bø formannskap i går. Representantane frå Ap, Sp og FrP ville ikkje løyve meir pengar no.
Bø formannskap gjorde budsjettendringar på drift og investeringar på ei rekke kommunale einingar i går. Skule og barnehage var eit felt med fleire endringar. Folkestad barnehage fekk 95.000 kroner til 1,5 nytt årsverk.
Folkestad skule fekk 230.000 kroner til eit tilbod som eigentleg var tenkt på ungdomsskulen. Bø skule får 300.000 kroner meir å rutte med til utstyr og inventar.
Dag Sele (KrF) sa at situasjonen for grunnskulen no er alvorleg.
– Utfordringane er store på alle skulane. Dette er ei krise me må gjere nok med no og i forkoant av neste skuleår, sa Sele, og foreslo på vegne av Venstre og KrF å auke budsjettet med ein halv million kroner.
Dei to representantane i Arbeiderpartiet synest saka var så vanskeleg at dei hadde behov for eit gruppemøte. Etter ein kort prat på gangen kom Silje Dalen og Arne Storhaug attende.
– Det er eit stramt kommunebudsjett, men me har lova meir pengar til skulen om det blir noko til overs. Det står me for, men vil halde oss til rådmannens budsjettforslag og vente til neste runde i kommunestyret for å sjå på dette, sa Silje Dalen (Ap).
Dermed blei forslaget nedstemt med fire mot tre stemmer. SV, Venstre og KrF var for, medan Ap sine to, Sp og FrP var imot.

Publisert: 2010-06-08 02:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Torsdag 9.  september
18:20 Varg Veum
Bø kino Omtale
20:20 Inception
Bø kino Omtale


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


LENGRE FRAM
September:
16. Varg Veum
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!