![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Fire blide sentrale medarbeidarar i cuparrangementet. F.v. Kaos-Kim, Kaos-Jørgen, Kiosk-Heidi og Kiosk-Anlaug. Sol og suksess for fotballcupen Øystein Akselberg Fotballcupen i Bø er vel i hamn. Sol, mange besøkande til Bø og eit arrangement som gjekk svært bra har gjeve Bø ein strålande reklame. Sportsleg set blei det ingen lag til finalerunden. Dei fire finalepokalane blei med heim til laga frå Skedsmo (J13), Fjellhammar (J14), Haugar (G13) og Drangedal (G14). Cuparrangørane sit att med mange gode tilbakemeldingar frå dei besøkande på korleis dei blei teke i mot i Bø denne helga. Hundrevis av foreldre, spelarar og leiarar frå arrangørklubben Skarphedin har stått på og jobba nesten døgnet rundt i helga. Salget av billettar til både Sluserock, sommarland og i kioskane gjekk strålande og sikrar dermed eit godt overskot til arrangøren. Her kjem nokre bilete frå mange av dei som har stått på under cupen. Publisert: 2010-06-07 02:00 ![]() Jenter fra 13 årslaget tar ei økt i fruktsalet på Sandvoll. Her sit f.v. Kari, Kari og Elin. ![]() Cupen i Bø har ein flott gjeng dommarar som smiler om kapp med sola. Her er dommarsjarmør Miranda mellom kioskvakt Heidi og Tone frå cupstyret. ![]() Driftige damer med stålkontroll på matserveringa under cupen. Ingunn og Marianne var vel dei som stod først opp for å sparke igang frukostserveringa. ![]() Cupkoordinator Stian har stått på seint og tidleg den siste tida og stod løpet ut med glans. Her har han fått velfortent klem av ein strålande fornøgd lagleiar frå Hovsherad. Laget kom til finalen i klasse jenter 13 år. ![]() Holdt orden på kampar, sekretariat og resultat. Det koka litt rundt Svein og Helge i sekretariatet til tider. Her blir resultat slått opp på Sandvoll av Svein og Svein Olav. ![]() Det var fire finalar under årets cup. Det vanka eigne t-skjorter og pokalar til både vinnar og god nummer to. ![]() Speakertårnet på Sandvoll er ein god stad å vere når cupen går inn for landing. Her er det lite sjauing og full konsentrasjon om det som skjer på grasmatta. F.v. Svein, Kim, Jørgen og speakersjef John Auver. ![]() Sefik dømte både tidleg og seint i helga. Her blir oppdraget diskutert med sjefssekretariatet med Svein i spissen. ![]() Pølse i vaffel er ein spesialitet som blei etterspurt på Sandvoll sundag ettermiddag. Kven av finalelaga som heiv innpå den varianten veit me ikkje. Kioskdamene Mary-Ann og Heidi serverte med eit smil. ![]() Finalerunde på Sandvoll med mange smil, nokre tårer, fine t-skjorter til både vinnarar og finalistar og pokalar. Klart at arrangørsjefa Gunna tek fram eit ekstra lurt smil. Har ho telt opp salet av billettar? ![]() Ingen cup uten finansavdeling. Pengemann Torgeir Sersland er her igang med å ta oppgjer på ei av dei mange kassene, medan han lyttar på informasjon frå pengesjef Bryn. Tilbake
|
Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale Torsdag 16.  september 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale |
|