ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Tre sentrale arrangementssjefar: F.v. Sverre Jacobsen (Sommarlandfestivalen), Lars Jørum (Tusse Sommarland håndballcup) og Stian Mendoza Flies (Sommarlandcup fotball).

Samlar 10.000 besøkande

Øystein Akselberg
Dei tre komande helgene blir Bø igjen sett i dug­n­adsmodus når bygda blir invadert av fotball-, handball- og korpsfolk. Dei tre store arrangementa i regi av bygda sine lag set Bø på kartet og gjev klingande mynt i kassa.
Dugnadsbygda Bø skipar til i tur og orden tre store kvalitetsarrangement. Bak står ivrige organisatorar i fotballklubben, handballgruppa og lag innan musikk og kultur. Eit avgjerande ledd for arrangementa er likevel dugnadsinnsatsen. Over 600 personar er i sving desse tre helgene.
Dugnadsarrangement
Sverre Jacobsen (korps/musikk), Lars Jørum (handball) og Stian Mendoza Flies (fotball) er tre sentrale representantar frå arrangørane. Dei to førstnemnde har mange års erfaring, medan fotballcupkoordinatoren er ny av året.
– Det meste er i rute og med godt vêr blir det garantert suksess, seier alle tre, og rosar alle dei arbeidsvillige dugnadsfolka som står på desse helgene.
Arrangementssjefane ber dugnadsfolka sine om å setje seg inn i vaktene sine og stille opp med godt humør.
– Dugnadsarbeidet er samla om nokre få store arrangement her i Bø, seier Jacobsen, og peikar på sommararrangementa, loppemarknaden til skulemusikken og dugnadane i Bø Sommar­land.
– Hadde det ikkje vore for desse store dugnadane måtte me ha organisert svært mange kakebasarar i staden, minner både Jacobsen og Jørum om.
– Etter det eg kjenner til er det mange stader i landet som har mange fleire dugnadar enn her i Bø, seier Jørum, og peikar på at ein er heldige som har slike storarrangement som gjev klubbane store overskot.

Publisert: 2010-06-03 02:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Torsdag 16.  september
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!