![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Inviterer folk til skyttarbana. Sundag kan du treffe nye og gamle vener på Bø skyttarbane. Terje Slåttedalen og Bø skyttarlag trår til med ein eigen dag i skytingens teikn. Skytingens dag Øystein Akselberg Kva driv dei på med, dei som knatrar på mogane borte ved Norbøåsen? Det smell i alle fall fælslæg. Sundag inviterer Bø Skyttarlag alle som har lyst på ein uformell samankomst til Bø skyttarbane. Ein gong i året arrangerer det frivillige skyttarvesenet ein dag dei kallar «Skytingens dag». Vil rekruttere – Me gjer det for å vise fram kva me driv med og kanskje trekkje nye medlemmer til skytesporten, seier skyttar og styremedlem Terje Slåttedalen i Bø skyttarlag, og innrømmer at ein i Bø har vore litt sløve med å stelle til dette arrangementet dei siste åra. – I år har me bestemt oss for å satse litt på ein slik dag og har lagt oss i selen for å få til noko, seier han. Alle besøkande kan denne dagen få prøve seg på skytebana med skarpe skot i børsa. Skytinga blir overført «live» på storskjerm i skyttarhuset, og det blir som vanleg bruka PC og utskrift av resultatet til den enkelte skyttar. – Me vil gjerne vise at skyting kan vere heilt uskyldig, og eit fascinerande samspel mellom kropp og sjel, seier Slåttedalen, og legg til at skyting er ein veldig sosial sport der ein «treff» mange nye venner. Publisert: 2010-06-04 12:00 Tilbake
|
Torsdag 9.  september 18:20 Varg Veum Bø kino Omtale 20:20 Inception Bø kino Omtale Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale LENGRE FRAM September: 16. Varg Veum |
|