ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Streiken får konsekvensar for fotballcupen: F.v. ordførar Arne Storhaug, einingsleiar teknisk Vidar Lofthus, Tone Fremgård (cupleiinga), Gunn Annie Hellestad (cupleiinga) og rådmann Åse Egeland. Kommunen oritnerte om kva følgjer streiken får for cupen.

Treng meir dugnadshjelp

Øystein Akselberg
Streiken blir idag trappa opp. Fortset den ut veka får det konsekvensar for helgas store fotballcup i Bø. Streiken set dermed cuparrangørane i knipe.
Tysdag morgon var leiinga i Sommarlandcup i fotball kalla inn til møte med kommuneleiinga i Bø. Cupen ventar besøk av 180 fotball-lag og mange av desse skal overnatte på dei streikeramma skulane og barnehagane i bygda.
Utan vaskepersonale
På møtet fekk cupstyret orientering om at kommunen ikkje vil kunne levere skular og barnehagar til bruk for cupen på vanleg måte. I praksis betyr dette at vanleg reinhald og klargjering ikkje blir gjennomført.
– Dette vil sjølvsagt medføre ein del ekstraarbeid for arrangør­ane, seier ordførar Arne Stor­haug, men lovar å leggje til rette for arrangementet etter beste evne.
Også klypping av gras og vanleg klargjering av anlegget på Sandvoll vil bli skadelidande av streiken.
Treng dugnadshjelp
Tone Fremgård og Gunn Annie Hellestad frå cupstyret fekk bodskapen frå kommuneleiinga.
– Streiken får heilt klart følgjer for arrangementet, men me må prøve å få gjort romma klar til dei besøkande kjem fredag kveld, seier Fremgård og Hellestad.
– Me må løyse dette på dugnadsbasis og med hjelp frå dei gjestande fotball-laga, seier dei.
Fotballcupen ber no folk i dugnadsapparatet om å vere ekstra fleksible med å kunne påta seg litt ekstra jobb som følgje av streiken.
– Me håpar at folk kan stille opp på kort varsel, og ber dei som kan ta eit ekstra tak om å ta kontakt med oss, oppfordrar cupdamene.

Publisert: 2010-06-02 02:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Torsdag 16.  september
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!