ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Grunneigarar på Bakås. Både Tone Skjellaug og Arne Bakaas (t.h.) kom med innspel på planutvalets synfaring. Skjellaug var ikkje nøgd med planen slik arkitekt Tormod Nordskog la den fram.

Fekk planen tilbake

Øystein Akselberg
Planutvalet gav ikkje grunneigarar på Bakås klarsignal til å gå vidare med planane om nytt bustadfelt. Utvalet ba heller grunneigarane om å bli einige.
Utval for plan, teknikk og næring (PTN) hadde ei lengre møteøkt den 18. mai. Møtet starta opp med synfaring på Bakås for å sjå på eit område for bustadbygging.
Saka har tidlegare vore oppe i PTN-utvalet som då bestemte at minimum to av dei tolv nye tomtene må takast ut av planen.
Ikkje samkøyrde
Grunneigarane Tone Skjellaug, Bård Kleppe og Arne Bakaas var med på synfaringa. Arkitekt Tormod Nordskog la på vegne av grunneigarane fram ei skisse til plan med ti tomter, men det viste seg snart at ikkje alle grunneigar­ane var einige i løysinga.
– Eg er ikkje inneforstått med korleis det er teke ut to tomter, og har heller ikkje fått noko informasjon om dette, sa Tone Skjellaug.
– Planen er redusert til ti tomter etter krav frå kommunen, svara arkitekt Tormod Nordskog.
Sendte saka tilbake
– Eg ser at det er interessekonflikt mellom grunneigarane i denne saka, sa utvalsmedlem Øyvind Erikstein (KrF), og stilte spørsmål ved om planen kan handsamast.
Ueinigheita mellom grunneigarane gjekk tydlegvis på kor mange tomter kvar enkelt av dei skulle få på sin eigedom.
– Eg stiller spørsmål om kven som skal bestemme talet på tomter og kvar dei skal liggje, sa grunneigar Skjellaug i møtet.
Dermed sette planutvalet foten ned, og ba dei kome attende med ein ny plan når dei er blitt einige.

Publisert: 2010-05-28 02:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Torsdag 9.  september
18:20 Varg Veum
Bø kino Omtale
20:20 Inception
Bø kino Omtale


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


LENGRE FRAM
September:
16. Varg Veum
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!