![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Langkåshaugen Terrasse. Slik kan storleiken og plasseringa av dei nye terrassehusa på Langkåshaugen bli sjåande ut. Illustrasjon sett nede frå Gymnasbakken. Bjerva byggjer i Bø Øystein Akselberg Planutvalet godkjenner utbyggingsplanane for det som skal bli Langkåshaugen Terrasse. PTN-utvalet har hatt reguleringsplan for Gymnasbakken 47 til andregongshandsaming og godkjente utbygginga med mindre endringar. Studentheimen har vore eit kjend landemerke i lang tid og skal no rivast. I første omgang skal to like terrasseblokker byggjast. Eit tredje bygg er med i planen, utan at byggjing er tidfesta. – Med Bø sin finaste utsikt og sentrale plassering vil dette bli utsøkte leilegheiter, meiner Magne Bjerva i Bjerva Eiendom AS i Skien, som står bak storsatsinga i Gymnasbakken. Kvart bygg skal innehalde 14 leilegheiter i storleik frå 74 opp til 123 kvadratmeter. Det er også planlagt garasjeanlegg i kjellar og heis til kvar etasje . – Det har vore god interesse for prosjektet sjølv om salsprospekt ikkje er sendt ut enno, seier Bjerva. Bjerva jobbar no med prosjektering og val av entreprenør for prosjektet. – Me satsar på riving og byggjestart ein gong til hausten, seier Magne Bjerva. Publisert: 2010-05-26 11:00 Tilbake
|
Torsdag 9.  september 18:20 Varg Veum Bø kino Omtale 20:20 Inception Bø kino Omtale Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale LENGRE FRAM September: 16. Varg Veum |
|