ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Byttar ikkje mål. F.v. Andrine Jensen Sunde (12), Elin Rinde Torstveit (12) og Sunniva Sanda Torekåsa (13) er ikkje i tvil om dei vil halde på nynorsk som målform når dei til hausten skal byrje på ungdomsskulen.

Nynorsk på vikande front i Bø

Øystein Akselberg
Stadig fleire vel vekk nynorsk som hovudmål i skulen. Berre 25 prosent av sjuandeklassingane ved Bø skule vel nynorsk når dei skal starte på Bø ungdomsskule til hausten.
Elevar og føresette kan i stor grad velje kva som skal vere elevens hovudmål i grunnskulen. På Bø skule er regelen at om meir enn ti elevar på kvart årstrinn vil ha bokmål har dei krav på det. På Folkestad skule må alle ha nynorsk som hovudmål, men ein kan velje å ha bøker på bokmål i alle fag bortsett frå norsk. Når elevane skal starte på Bø ungdomsskul må eleven gjere eit val om kva som skal vere hovudmål og sidemål.
På vikande front
Av dagens elevar på Bø skule har 66 av 198 elevar nynorsk som hovudmål. Det tilsvarar 33 prosent.
– Tendensen er at færre elevar vel nynorsk på ungdomsskulen, seier rektor John Anton Graff, og legg til at om ein meiner det er viktig å ta vare på eit skriftspråk som byggjer på dialektane er det all grunn til bekymring.
– Tema er likevel ikkje på topp for kva me ser på som dei største utfordringane me har å jobbe med på Bø ungdomsskule, slår rektor fast.
Graff peikar på at dei stadig må bruke meir tid på andre ting enn det faglege.
– Frå skulens side har me ikkje noko stort fokus på fordelinga mellom bokmål og nynorsk, seier Graff, og viser til at dei praktiserer språkblanda klassar utan noko slags problem.

Les meir om saka i dagens papirutgåve og sjå kva dei tre jentene ved Bø skule seier om sitt val av målform.

Publisert: 2010-05-27 02:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Torsdag 9.  september
18:20 Varg Veum
Bø kino Omtale
20:20 Inception
Bø kino Omtale


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


LENGRE FRAM
September:
16. Varg Veum
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!