![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Inviterer til sykkelfest i Bø: Åge Seltveit og Frode Bergan i sykkelgruppa til Idrettslaget Skarphedin arrangerer sykkelrittet «Haukeliruta» frå Odda til Bø for 30. gong i sommar. Odda til Bø for 30. gong Øystein Akselberg Sykkelgruppa i Skarphedin arrangerer det tradisjonsrike sykkelrittet mellom Odda og Bø for 30. gong i sommar. Den 221 kilometer lange styrkeprøven mellom Odda og Bø har blitt eit tradisjonsrikt sykkelritt, både som konkurranseritt og turritt. Sykkelgruppa i Skarphedin IL ønskjer å markere at det i år er det 30. rittet i rekkja. Jubiléum – Me vil lage til litt ekstra sidan det er jubileum i år, seier leiar i sykkelgruppa, Åge Seltveit og nestleiar Frode Bergan. Dei har planar om eit arrangement i kommunehusparken i samband med innkomsten, med grilling og hyggeleg samvær. Dei vil og presentere bilete frå tidlegare ritt som eit historisk tilbakeblikk. For dei som ikkje vil sykle 22 mil over Haukeli blir det arrangert eit alternativt og kortare ritt same dagen. – Me inviterer alle sykkeltrimmarar til å delta i den seks mil lange «Sjøormtrimmen» rundt Seljordvatnet, seier Seltveit, og viser til start og mål i Heradshusparken. Dermed ligg det godt til rette for ein flott dag i Bø sentrum og kommunehusparken 3. juli med innkomst av sprekingar som anten har sykla over Haukeli eller teke sjøormrunden rundt Seljordvatnet. Publisert: 2010-05-26 02:00 Tilbake
|
Torsdag 9.  september 18:20 Varg Veum Bø kino Omtale 20:20 Inception Bø kino Omtale Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale LENGRE FRAM September: 16. Varg Veum |
|