![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Marius Saga ordna sigermålet med ei perle av eit langskot. Vidare i NM Gjermund Nordbø Aldri har Skarphedins juniorlag kome så langt i NM. Etter 1-0 sigeren over Mjøndalen laurdag er dei nemleg klare for tredje runde. Etter at Notodden blei slått ut i 1.runde av cupen var Mjøndalen neste hinder for Skarphedins talenfulle unggutar. Eit lag som i fjor slo Skarphedin i serien, var alt anna enn ein enkel motstandar i vårsola på Sandvoll. Praktfullt sigersmål Fyrste omgang var ganske jamnspelt, men Mjøndalen hadde eit lite overtak sjølv om Skarphedin hadde dei største målsjansane. Det var frustrerte Skarphedin spelarar som gjekk i garderoben til pause. Dei sleit med pasningspelet til tider, og klarte ikkje omsette dei store sjansane mot eit hardtkjempande Mjøndalen lag. Etter pause heva imidlertid spelet seg betrakteleg, og i dei fyrste 25 minutta viste Skarphedin verkeleg kvifor dei fortente å gå vidare til neste runde. Då kom også ei perle av eit sigersmål frå Marius Saga. Saga avgjorde kampen med eit glimrande langskot frå 18 meter, og den satt utagbar for keeper rett i krysset. – Det var veldig moro å avgjere kampen, og me er svært fornøgde over å avansere til den neste runden, smiler ein fornøgd matchvinnar. Publisert: 2010-05-25 13:00 Tilbake
|
Torsdag 9.  september 18:20 Varg Veum Bø kino Omtale 20:20 Inception Bø kino Omtale Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale LENGRE FRAM September: 16. Varg Veum |
|