![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Studentane Solfrid Førland, Henning Jarl Haukedal og Roar Kjendalen sjekker vassføringa i ein avløpskum langs Folkestadvegen. Olav Langkås (nummer to f.v.) bistår med hjelp frå teknisk etat i Bø kommune. Jaktar på lekkasjar Øystein Akselberg Tre høgskulestudentar saumfer i desse dagar kloakkleidningane mellom Folkestadbrua og Lifjell. Dei jaktar på lekkasjar i kloakken. Bø kommune har problem med innlekkasje på kloakkleidningane sine og ønskjer å få kartlagt problemet. Målet er å stanse innlekkinga og dermed redusere mengda med vatn som går til kloakkrenseanlegget. Studentoppgåve Nokre studentar tek prosjektet som del av bachlorstudiet ved Bygg- og anleggslina ved høgskulen i Porsgrunn. Det er Solfrid Førland frå Bø, Roar Kjendalen frå Skien og Henning Jarl Haukedal frå Langesund som i desse dagar går kommunen sitt leidningsnett nærmare etter i saumane. – Me håpar å avdekkje feilkjeldene til innlekking av vatn slik at kommunen kan rette opp feila, seier studentane, som starta opp prosjektet i januar. Dei har frist på seg til neste torsdag med å levere ferdig rapport. Gudmund Amundsen ved teknisk eining i Bø kommune rosar innsatsen til studentane og er sikker på at rapporten blir svært nyttig for kommunen. – Me slit med for mykje «reint» vatn som renn inn i kloakken og dermed får me store vassmengder til renseanlegget på Rotebergmoen, seier Amundsen, og legg til at prosjektet er rimeleg eineståande i høgskulesamanheng i Telemark. Studentane på si side er godt nøgd med å ha fått eit matnyttig og spennande oppdrag frå kommunen. Dei har òg fått svært god hjelp frå karane ved teknisk eining. Publisert: 2010-05-21 02:00 Tilbake
|
Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale Torsdag 16.  september 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale |
|