ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Kvinneleg lensmann i Bø. Politiadvokat Sigrid Dahl frå Sauherad er tilsett som ny lensmann i Bø og Sauherad. Arkivfoto: Hilde Eika Nesje

Sigrid Dahl blir lensmann

Øystein Akselberg
Sigrid Dahl er tilsett som ny lensmann i Bø og Sauherad. Ho blir med det Telemarks andre kvinnelege lensmann.
Politiadvokat Sigrid Dahl (33) er tilsett i den ledige stillinga som lensmann i Bø og Sauherad etter Henry Bråthen.
Dahl er utdanna jurist og har dei siste åra vore politiadvokat i Telemark politidistrikt, med kontor på Notodden. Ho er busett i Sauherad.
Dahl overtar elles eit større lensmannskontor enn forgjengaren sin, sidan Bø og Sauherad lens­mannsdistrikt blei slått saman i vinter.
– Me er svært nøgd med tilsettinga, seier politimester i Tele­mark, Anne Rygh Pedersen, og viser til at Dahl blir den andre kvinnelege lensmannen i fylket.
– Sigrid sin bakgrunn som politiadvokat gjev organisasjonen vår betre breidde og vil vere viktig for utviklinga vidare, seier Rygh Pedersen, og legg til at Dahl tiltrer i jobben 1. september.
Tidlegare lensmann i Sau­herad, Petter Eggerud, har vore og er konstituert i stillinga. Han har ifølgje politmester Rygh Pedersen teke imot ei omstillingsavtale og skal ha nye oppgåver i politiet.
– Han vil arbeide saman med Dahl i ein overgangsperiode ved kontoret i Bø, avsluttar Rygh Pedersen.

Publisert: 2010-05-20 11:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Torsdag 9.  september
18:20 Varg Veum
Bø kino Omtale
20:20 Inception
Bø kino Omtale


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


LENGRE FRAM
September:
16. Varg Veum
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!