ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Bø Prestegard
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland







 

Gler seg til nasjonaldagen. Leiar i 17. maikomitéen, Bergit Askildt Myrjord, ber folk slutte opp om tog og andre arrangement på 17. mai.

Tradisjonell 17. mai i Bø

Hilde Eika Nesje
Årets 17. maiprogram i Bø er lagt over ein tradisjonell lest, utan borgartog og med heradshuskonserten på plass att.
– Me håpar mange kjem seg opp og ut i finstasen på nasjonaldagen og sluttar opp om dei mange arrangementa rundt omkring i bygda, seier årets leiar i 17. maikomitéen, Bergit Askildt Myr­jord.
Ho siktar til både fellesarrangement og tilstelningar i krinsane, og lovar god og tradisjonell underhaldning på talarstemnet, der også 100-årsjubiléet for Bjørnstjerne Bjørnson blir markert.
Tradisjonelt talarstemne
– Talarstemnet blir igjen arrangert før klokka seks, og i år er det generalsekretær i Mellom­kyrkje­leg råd, Berit Hagen Agøy, som er hovudtalar. Det trur eg blir spennande. I tillegg blir det Bjørnson-innslag ved Anne Løhaugen og eit par småjenter, seier Myrjord.
Ho kan også lokke med ungdomsappell, spretne hallingkast frå ei dansegruppe og andre kulturelle innslag.
– Talarstemnet er ei fin tilstelning som har blitt heldt levande i mange år, seier ho.
Ikkje borgartog
Levande er derimot ikkje borgartoget som blei starta opp for to år sidan, der lag og organisasjonar saman med skulemusikken fekk høve til å gå i tog saman med russen til eit felles arrangement i Gullbring.
– 17. maikomitéen har sjekka litt rundt i gruppene som me representerer og føler vel at det har vore lita interesse for å fortsetje den tradisjonen, i alle fall i år. Det vart mykje mobilisering for dette det fyrste året, men interessa dabba vel av litt i fjor. Derfor har me bestemt at me ikkje vil arrangere borgartog i år. Kva neste års komité bestemmer seg for er sjølvsagt opp til dei som sit der, seier Myrjord.
Vil ha folk i toget
Med bortfall av borgartoget er Bø skulemusikk sin konsert ved Heradshuset på plass att, og det synest Myrjord er triveleg, og oppmodar alle til å delta aktivt på nasjonaldagen.
– Me håpar at så mange som mogleg også sluttar opp om barnetoget, både som tilskodarar og deltakarar. Me ser gjerne at folk heng seg på toget og blir med opp kyrkjebakken, avsluttar ho.

Publisert: 2010-05-15 02:00

Tilbake



 
  DAGSPROGRAM


Fredag 10.  september
16:35 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Laurdag 11.  september
15:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale


Sundag 12.  september
15:55 Toy Story 3
Bø kino Omtale
18:15 Varg Veum
Bø kino Omtale


Måndag 13.  september
21:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Onsdag 15.  september
16:40 Toy Story 3
Bø kino Omtale
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale


Torsdag 16.  september
19:00 Varg Veum
Bø kino Omtale
 
  PÅ PLAKATEN


THE SHITSEZ PÅ KROA
Shitsez er kjent for leiken og dansbar cheerleaderrock. Frå før har dei vore både på Hovefestivalen og Øya. 11. september kjem dei til Kroa i Bø!