![]() |
|
|
VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Bø Prestegard Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() Sparebanken Sør inviterte til russesuss: Russekullet i Bø tok imot invitasjonen frå Sparebanken Sør og fekk russeknute og førstehjelpssekk. F.v. Fredrik Todal (Gvarv), Wenche Aarhus (Sparebanken Sør), Janne Sandodden Hegna (Notodden), Signe Moi Felle (Fel Sparebanken Suss Øystein Akselberg Sparebanken Sør utfordrar børussen til litt moro, med sikkerheit som viktig undertone. Sparebanken Sør i Bø fokuserer på sikkerheit for russen i Bø. Banken har derfor utfordra russen til å stikke innom banklokalet og gjere seg fortent til ein russe-knute i luva og ei ekstra påskjønning i form av ein russesekk med førstehjelpsveske. – Det er viktig at russen tenkjer sikkerheit i desse dagar, seier kunderådgjevarane Einar Forberg og Wenche Aarhus i Sparebanken Sør, og håpar dei kan ha førstehjelpssakene liggjande i russebilen. Kravet for å få russeknute og ryggsekk var å gje ein av kunderådgjevarane ein skikkeleg russesuss på kjaken. – Me håpar å ha sekk til dei 50 første som kjem innom, seier Forberg. Sparebanken Sør prøver elles å markere kundars merkjedagar, bursdagar og konfirmasjonar. – Russestuntet er ein fin måte å setje fokus på banken på, og gjev oss eit litt utradisjonelt møte med ungdom, seier bankfolka. – Det er eit kjempeartig tiltak, seier den blide russegjengen, og er positiv til slike engasjement frå næringslivet. – Me set pris på å få førstehjelpsutstyr, seier russ Mari Sæland, som synest dette berre er moro. Publisert: 2010-05-12 11:00 Tilbake
|
Torsdag 9.  september 18:20 Varg Veum Bø kino Omtale 20:20 Inception Bø kino Omtale Fredag 10.  september 16:35 Toy Story 3 Bø kino Omtale Laurdag 11.  september 15:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale Sundag 12.  september 15:55 Toy Story 3 Bø kino Omtale 18:15 Varg Veum Bø kino Omtale Måndag 13.  september 21:00 Varg Veum Bø kino Omtale Onsdag 15.  september 16:40 Toy Story 3 Bø kino Omtale 19:00 Varg Veum Bø kino Omtale LENGRE FRAM September: 16. Varg Veum |
|