ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland











 

Mann med interesse for bil og motor: Kjell Gunnar Heggenes har ikkje fritidsproblem med både Fiat, folkevogn og to engelske motorsyklar på låven.

I grandtantas Fiat

Øystein Akselberg
Ifølgje Kjell Gunnar Heggenes er han litt over middels interessert i bil. Ein kikk heime på låven på Langkåshaugen kan stadfeste det.
Kjell Gunnar Heggenes (59) fekk interesse for bil og motor allereie som gutunge med ein far som dreiv lastebiltransport. At onkel­en lot han få køyre ein 1931-limmusinmodel Buick før han var fylt ti år gjorde ikkje interessa mindre.
Grandtantas Fiat
Heggenes si grandtante, Anne Saga, hadde også sans for fine bilar. I 1965 kjøpte ho sin andre bil, nemleg ein Fiat 600, 1965-modell.
– Ho tok sertifikat etter ho fylde 60 år, og blei på mange måtar eit kjent bilete i trafikken i Bø, seier Heggenes, og kan røpe fleire gode historier om grandtanta sin litt spesielle køyrestil.
Syskenbornet, Kari Saga, tok over bilen ein kort periode før far til Kjell Gunnar, Andres Hegge­nes, blei eigar av bilen i over 20 år. No er det altså Kjell Gunnar sjølv som har teke over den fine bilen og ansvaret for å setje den i stand.
– Bilen er i god stand, men det må gjerast forskjellig vedlikehald før eg kan få den registrert, seier han, og peikar på både gummilister rundt front- og bakrute, sjekk av bremsar og nye dekk.
Vindaugslistene blei faktisk kjøpt på internett frå Argentina, noko som kan tyde på at biltypen er meir utbreidd der og er i dagleg bruk.
Dermed kan den lyseblå Fiaten igjen bli ein del av gatebiletet i Bø.

Publisert: 2010-04-09 02:00


Fiat 600 1965-modell.



Tilbake


 
  DAGSPROGRAM

 
  PÅ PLAKATEN