|
| VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland |
![]() Skal gje namn til skuleromma: Rektor Gyrid Kvaale (i midten) hadde førre torsdag samla f.v. Unni Vreim, Knut Moe, Anne Moe og Bente Saugestad til eit arbeidsmøte med fokus på stadnamn i ulike krinsar i Bø. Fjelltoppar og grendeskular Øystein Akselberg Alle romma på Bø skule blir kalla opp etter namn på gamle grendeskular, fjelltoppar og stader i Bø. No ber skulen om hjelp til å finne gamle bilete, historier og effektar frå dei nedlagte grendeskulane. Rektor Gyrid Kvaale ved Bø skule har etablert ei prosjektgruppe som skal setje namn på alle rom, basar og avdelingar på Bø skule. Prosjektet skjer som ein del av utbygginga av skulen. Gruppa består av fleire seniorar med godt kjennskap til både skulehistorien og geografien i bygda generelt. – Dei fem avdelingane i første høgda skal heite Valen, Vatnar, Forberg, Sanda og Eikjabygda, etter dei gamle grendeskulane i Bø, seier Gyrid Kvaale. Tilsvarande skal dei to avdelingane i andre høgda heite Øysteinnatten og Jørundnatten, medan administrasjonen får namnet Astridnatten, som alle er markante fjelltoppar på Lifjell. Fellesrommet skal døypast Gygrestolen. Vidare skal kvart klasserom og grupperom få stadnamn i tilknyting til den basen eller avdelinga dei tilhøyrer. Det er tre klasserom og tre grupperom på kvar base, slik at saman med ein del fellesrom, kjøkken, musikk-, data- og formingsrom er det snakk om cirka 50 namn som skal på plass. – Elevane kan dermed orientere seg rundt på skulen etter lokale stadnamn og dermed bli betre kjent med bygda si, seier ein av medlemmene i gruppa, Anne Moe. Dei trur at dette kan vere med på å gje kunnskap om både bakgrunnen for stadnamn i krinsane og fortelje den interessante historia bak grendeskulane. – Samtidig som me pyntar opp skulen gjev me den lokal forankring og vil gjere lokalmiljøet betre kjent for både elevar og lærarar, oppsummerar Kvaale. Publisert: 2010-01-21 02:00 Tilbake |
|
|