ALT OM BØ BLAD
-Generell informasjon
-Redaksjonen
-Annonsering
-Abonnement
-Boblad.no
  REISELIVSPORTAL
Klikk på Bøver'n om du f.eks. skal tinge overnatting i Bø.



  VÅR MENY

Overnatting i Bø
Kommunikasjonar
Offentlege instansar

VÊRET
Korttidsvarsel
Langtidsvarsel
Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell


KULTURARENAER

Gullbring kulturanlegg
Bø kino
Bø kyrkje
Bø bibliotek
Kroa i Bø
Bø Jazzklubb
Bø museum
Evjutunet
Bø Frivilligsentral
Bø bedehus
Pinsemenigheten Soar
Telemarkfestivalen
Sommarlandfestivalen
Sommarland











 

Bø legesenter

Kritisk til dyre leger

Øystein Akselberg
Formannskapet diskuterte overforbruket på 1,5 millionar kroner på legetenester i Bø kommune. Fleire av politikarane var både kritiske og svært undrande til meirforbruket.
Ordførar Arne Storhaug (Ap) klarte i måndagens formannskapsmøte ikkje å skjule at han er svært overraska og spørjande til millionoverskridingane på Bø legesenter.
– Med ei ramme på 5,9 millionar kroner kjem legetenestene ut med eit overforbruk på heile 1,5 millionar. Kva er det som gjer dette, spurte Storhaug.
Rådmann Åse Egeland forklarte at det var bruk av vikarar og ein kostbar barselpermisjon som utgjer meirforbruket.
– Det er svært dyrt å bruke vikarar, sa Egeland.
Betale for bustad
Fleire reagerte også på at noko av overskridingane kom fordi kommunen må dekkje bustad for legevikarane.
– For å sikre full legedekning må me leggje litt ekstra på bordet, forklarte økonomisjef Heidi Roheim.
– Kanskje ein burde bli vikar, om det er så gunstig, kommenterte Bjørn Magne Langkås (FrP) med eit smil.
– Legevikarane kostar «fletta» og er i tillegg av ymse kvalitet, sa Olav Kasland (V).
Dag Sele (KrF) som òg er tilsett som lege ved Bø legesenter, sa han avstod frå å kommentere saka.
Det høyrer elles med til historien at administrasjonen i budsjettarbeidet foreslo å auke budsjettet betydeleg for å ta høgde for særlege tiltak for å sikre legar til fastlegeordninga. Dette blei ikkje fullt ut imøtekome av politikarane og noko av resultatt av dette gjer seg no utslag ved budsjett­overskridingar.

Publisert: 2009-09-10 06:00

Tilbake


 
  DAGSPROGRAM

 
  PÅ PLAKATEN