|
| VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland |
![]() Håvar Mæland i fint driv og skårar her heimelaget sitt femte mål. Køyrde over Klyve i hallen Øystein Akselberg Skarphedin-maskina jobba jevnt og trutt laurdag. Klyve blei sendt heim med 2-8 i sekken. 3. divisjon herrer, Telemarkshallen, laurdag 5. sept: Skarphedin - Klyve 8-2 (3-1). Heimelaget gjennomførte ein god kamp og lot det aldri vere noko tvil om kor poenga skulle havne. Einaste spenningsmoment for dei 60 tilskodarane var kor mange mål dei blå skulle få. – Å skåre åtte mål er bra på dette nivået, sa ein nøgd trenar, Øyvind Haugen, som meinte dei kunne skåra tosifra i dag. – Me spelte i periodar svært bra. No får me trene godt framover, spele gode kampar og så får me telle poenga til slutt, seier Haugen, som kan bokføre 40 mål på dei siste sju kampane. Målskårarar i dag var: Stian Hagen (3), Torgeir Haugen (2), Jørgen Kåsa, Håvar Mæland og Leon Anglevik. Publisert: 2009-09-05 18:30 ![]() Putta fem må tilsaman: Stian Hagen (3) og Torgeir Haugen (2) pynta godt på målstatistikken mot Klyve. Tilbake |
|
|