|
| VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland |
Skarphedin sitt guttelag G14 stakk av med den største pokalen på Sommarlandcup i helga. Her får kaptein Jan Arne Arnesen sigerpokalen av cupkoordinator Øystein Sanden. Vann på heimebane Øystein Akselberg To av arrangørklubbens lag kom til finalen i årets Sommarlandcup. Både jentelaget J14 og gutelaget G14 kom heilt til finalen som blei spelt i Telemarkshallen sundag ettermiddag. Det blei både siger og tap. Sommarlandcup blei knirkefritt arrangert i helga i regi av Skarphedin fotball. Vêret var ikkje det beste og regnet sette ein liten dempar på stemninga, men bøklubben kan sjå tilbake på ein god turnering med masse fornøgde gjestande lag. 174 lag deltok i årets cupturnering. Til finalen kom to av laga til Skarphedin: både gute- og jentelaga i 14års-klassen. I J14 tapte Skarphedin-jentene 1-2 for Odda, medan G14 laget slo Bjørkelangen heile 4-1. Banens beste og tremålskkårar blei Andreas Sersland. Her kjem nokre bilete frå årets cup. Publisert: 2012-06-10 21:00 Skarphedin G14 med cupsiger i dag. G14 laget tek i mot applaus frå publikum i hallen. God stemning i hallen etter gutelagets siger i finalen. Banens beste i G14-finalen: Andreas Sersland. Laga i G14-finalen: Bjørkelangen og Skarphedin. Skarphedin sitt jentelag J14 vann andreplassen i sin klasse. Ei av skarphedinjentene på J14 får sin premie. Finalelaga i jenter 14 år. Mange dugnadsfolk har vore i sving i helga. Her representert ved to sentrale frå teknisk og matservering: Andre og Marianne. Glade Oddajenter etter semifinale som det måtte myntkast til for å avgjerast. Glade jenter frå Odda. Publikum på Tjæreberget. Korsvoll sitt jentelag J13. Glade Korsvoll-jenter J13 sjølv om dei tapte i semifinalen mot Fitjar. Me vann tredjeplassen sa dei nøgd. Sola kom endeleg fram på Sandvoll sundag ettermiddag. Vestlandsoppgjer i semifinalen mellom Djerv 1919 og Vard Haugesund på Sandvoll. Blide og flinke cuparbeidarar på Sandvoll sundag. Øystein Sanden (t.v.) har vore cupkoordinator og Josten Aaland har vore hans høgre og venstre hand. Tilbake |
|
|