|
| VÅR MENY Overnatting i Bø Kommunikasjonar Offentlege instansar VÊRET Korttidsvarsel Langtidsvarsel Vêrstasjonen ved Bø VGS Snørapport frå Lifjell KULTURARENAER Gullbring kulturanlegg Bø kino Bø kyrkje Bø bibliotek Kroa i Bø Bø Jazzklubb Bø museum Evjutunet Bø Frivilligsentral Bø bedehus Pinsemenigheten Soar Telemarkfestivalen Sommarlandfestivalen Sommarland |
![]() Steinsrud husmannsplass har fått eit gamalt trehus på tunet. Nytt hus på Steinsrud Øystein Akselberg I løpet av førjulstida blei eit gamalt trehus flytta over Borgja og Staurheim til sine nye tufter på Steinsrud husmannsplass. Det er Gunleik Smestad på Staurheim som eig huset, som dei seinare åra har stått i Folkestadvegen ved sida av restauranten Den Gode Nabo. Huset har tidlegare stått på Nordbø. Huset blei vegd til 128 tonn av entreprenøren som skulle flytte huset frå Folkestadvegen i april. Huset blei ståande på Borgja i påvente av tørre nok vegar til å kunne flyttast. Sommaren 2011 baud ikkje på det. Huset blei i staden flytta like før jul. No står huset på Steinsrud husmannsplass som har historie som buplass frå ca 1880 til 1959. Stugo på Steinsrud, ei tømre med to rom og eit eldhus, blei bygd i 1935 og står der den dag i dag. Det nye trehuset er plassert på det som må ha vore dei gamle steintuftene etter låvebygningen som blei bygd i 1907. Publisert: 2012-01-02 02:00 ![]() Nytt hus på tunet. ![]() Huset var ikkje heilt ferdig plassert på sine nye tufter i romjula. Tilbake |
|
|